Lovleg, sesong 1

Det går bra, sjølv når det går til helvete

Gunnhild er 15 år og klar for å flytte heimefrå. Etter ein oppvekst prega av stillstand og åleinetid er ho klar for å leggje sitt gamle eg bak seg i Høyanger og ta fatt på ungdomstida på Firda vgs i den vakre vestlandsbygda Sandane. Ho flyttar inn i eit stort hybelhus styrt av tenåringane Sara, Peter og Alex. Der krasjlander ho i ei slags vaksenverd og lærer fort at den nye starten ikkje er så enkel som ho hadde håpa på. Ho kjempar seg gjennom ein jungel av praktiske og sosiale utfordringar, og prøver så godt ho kan å balansere nye vennskap, kjærleik, festing, skule, fridom og ansvar. Etterkvart som tabbene blir fleire og utfordringane større, innser ho at livet ikkje kan levast åleine, og at det er sårbarhet som samlar menneskjer. Litt etter litt lærer Gunnhild å kjenne seg sjølv og sambuarane – ein feil av gangen.

SESONG 1: Gunnhild flyttar heimanfrå. Møter folk. Ting skjer. Livet startar og/eller fortset i same retning. Vil jo ikkje avsløre for mykje. La oss berre halde oss til at eventyret startar.

SE PROMO

Programinformasjon
Kanal: NRK P3
Første sesong: 2018
Antall: 10 x 20’
Distributør: Endemol Shine International

Lovleg, sesong 2

Det går bra, sjølv når det går til helvete

Tilbake i hybelhuset. Det er no vinter og kaldt. Gunnhild har tilbragt MYKJE tid med Luna, men er usikker på kva relasjonen er.

SE PROMO

Programinformasjon
Kanal: NRK P3
Andre sesong: 2019
Antall: 10 x 20’
Distributør: Endemol Shine International